søndag 6. februar 2011

Kommuneplanen for Øygarden

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg skal eg oppdatere deg på arbeidet med kommuneplanen.

Arbeidet er omfattande. Me må gjennom ein haug med formalitetar. Arbeidet er styrt av eit planprogram som kommunestyret har godkjent og som set rammer for innhald og kva som skal prioriterast. Det er ikkje lett å forklara alt med få ord. Det vert difor fokus på på nokre sentrale tema i det eg skriv. Du må ikkje rekna med at kommuneplanen er ferdig før seint dette året, i beste fall.

Samfunnsdelen i planen er eit tekstdokument som omtalar alt av fakta, tenester, utviklingstrekk, næring, regionalt samarbeid og samfunnsutvikling generelt. Me er på det næraste ferdig med dette dokumentet.

Arealdelen i planen arbeider me med. Me har motteke innspel frå m.a. grunneigarar og frå bedrifter. Desse innspela har vore gjennom ei handsaming i planutvalet. Nokre innspel er avvist. Innspela som skal vurderast i arbeidet vidare er no gjennom ei konsekvensutgreiing. Det er eit krav at alle endringar og nye tiltak skal konsekvensvurderast. Det er eit krav om dette i medhald av lov og forskrift. Dette arbeidet vert gjort av eit konsulentselskap. Når dei er ferdig kjem resultatet attende til Planutvalet for vidare handsaming. Arbeidet med arealdelen er krevjande reint praktisk. Det er både kart og tekst som skal på plass.

Folkemøte om planen vil eg invitera til på vegne av Planutvalet. Folkemøta vert krinsvis på rådhuset. Det har ikkje noko for seg å invitera til folkemøte før me ser konturane av eit forslag til kommuneplan. Då har me noko å diskutera. Me skal kunngjera desse møta godt og i god tid.

Høyring er ein omfattande prosess. Det startar først med møte i eit organ som heiter Planforum der det set ei rekkje statlege og fylkeskommunale organ, som t.d. fylkesmannen, vegvesenet m.fl.
Der får ein tildelt tid når ein har komen så langt i prosessen at ein ser konturane av hovudtrekka i planen. Me har ikkje vore i planforum enno. Planen vår er ikkje moden for dette organet, enno.

Ferdig trur eg ikkje me vert før seint utpå året. Me ser grovkonturane av ein plan, men den skal gjennom mange rundar før den vert endeleg godkjent. Ikkje minst tek høyringsrundane tid der det er krav om lang høryingstid.