søndag 19. juni 2011

Nettverk av Petroleumskommunar

Fredag vart NPK danna. Øygarden har vore sentral i koordineringa av dette arbeidet. NPK står for Nettverket av Petroleumskommunar. Organisasjonen skal arbeida for interessene til kommunar som har ilandføringsanlegg for olje og gass. Tema som takst på anlegga, eigedomsskatt, interesser mot oljeselskapa og sentrale styresmakter vert sett på dagsorden. Det er store verdiar og mogeleg innovasjon som er i omløp knytt til ilandføringsanlegga.

Desse kommunane er med i den nye organisasjonen: Aure, Aukra, Austrheim, Lindås, Øygarden og Tysvær.

Eg har hatt gleda av å leia interimsstyret fram mot årsmøte på fredag. Saman med min dyktige rådmann og gode og flinke kollegaer i dei andre kommunane har arbeidet gått på skinner fram mot politisk handsaming i kommunane. Takk til politikarane i den enkelte kommune som har slutta seg til nettverket.