Den fryktelege tragedien som har råka landet kjem tettare på oss. I dag måtte eg senda helsing til mine kollegaer i Osterøy og Sund kommunar. Begge kommunane opplever at ungdommar er brutalt reven bort slik me no kjenner situasjonen.
Også nokon i min familie opplevde dette tett på: i media ser me Mette Valle frå Lindås som måtte symja til land frå Utøya. Mette berga livet, men det gjorde ikkje nokre av henner vener..
Denne tragedien er større enn me kan fatta. Me høyrer historiar som er grufulle. Det er uverkeleg.
Olav Martin Vik
Ordførar