tirsdag 26. juli 2011

Sorg og glede....

Desse dagane er mange i bunnlaus sorg. Me er i sjokk. Hendingane på Utøya og i Oslo er som ein film, men utan rulletekst til slutt som seier oss at dette ikkje er verkeleg. Det er verkeleg. Menneske i alle aldrar er myrda.
Me som har levd ei stund har mista nokon av våre kjære. Me veit kva sorg er. Å mista eit born brått er hardt, og det kjennest nok verre når ein ikkje kunne gjera noko for barnet sitt. Dette vil prega mange i tida framover óg når livet og samfunnet går vidare rundt ein.

Kommunen må vera førebudd på at det verste kan skje. Me må og ta alle dei andre oppgåvene og situasjonane og ikkje minst levera tenester kontinuerleg til våre innbyggjarar. Samtidig som me la ut kondolanseprotokollen på rådhuset tok Alexander Dale Oen gull i VM i symjing. I den eine augneblinken sorg, i den andre glede. Heldigvis viste Alex både sorg og glede. Det gjer det lettare for oss andre når me skal svara på om me er glad eller trist. Motsetnader, men livet består av gleder og sorger.

Mi medkjensle går til alle etterlatne etter dei grufulle hendingane på Utøya og i Oslo.

Eg gratulerer Alexander Dale Oen med gullmedaljen.