Hendingane på Utøya og i Oslo er dramatiske. Ord vert fattige i møte med den brutale realiteten at nærare 90 menneske er drepne. Mange unge menneske er brutalt reven bort, mange er skadde og familiar er i sorg. På ein dag som dette vert me minna om at livet er sårbart, at samfunnet vårt er sårbart når nokon bryt sperrer som me trur alle har i seg.
Våre tankar og vår medkjensle er hos dei som er råka og som no sørgjer. Me merkar oss at familiar i kommunar i vårt fylke er råka av denne tragedien, så langt me kjenner situasjonen no.
Våre tankar og vår medkjensle er hos dei som er råka og som no sørgjer. Me merkar oss at familiar i kommunar i vårt fylke er råka av denne tragedien, så langt me kjenner situasjonen no.
Er det nokon lokalt som er råka av tragedien eller føler at dei må snakka med fagfolk, så viser eg til informasjon om dette på kommunen si heimeside http://www.oygarden.kommune.no/
Olav Martin Vik
Ordførar