onsdag 3. august 2011
Verdsmeisteren Alexander Dale Oen
Alexander kom innom kontoret mitt i dag. Med seg hadde han medaljen frå VM. Det er ikkje første gongen han kjem innom med ein medalje. Ein flott gutt og ekte stril. Eg er så glad for at faren overtala meg og kommunen til å gi Alexander og Robin stipend, for mange år sidan. Det har ikkje vore lett å få sponsorar. Dei årlege stipenda frå kommunen har kome godt med. Så har då og kommunen fått uttelling. Alexander profilerer kommunen vår på ein flott måte. Eg takkar Alexander for innsatsen og for at han tek turen innom rådhuset i Øygarden og deler sine opplevingar med oss. No ser me fram mot OL i London, det gjer også Alexander.