lørdag 1. oktober 2011

Petroleumsnettverket og eigedomsskatten

Øygarden har vore sentral i arbeidet med å byggja ein landssamanslutning av kommunar som har ilandføringsanlegg for olje og gass. Føremålet med nettverket/samanslutninga er å stå saman for å sikra ilandføringskommunane sine interesser. Eg har vore styreleiar i interimsstyret og me hadde det siste styremøtet no på fredag i Molde og på Aukra. Me har knytta til oss juristar med høg kompetanse på eigedomsskatt. Dei peikar på at Finansdepartementet vurderer korleis dette skatteregimet skal vera i framtida.Me må erkjenna at eigedomsskatten er sett under press. Faren for at dette skatteregimet vert endra i framtida er tilstades. Me må no intensivera arbeidet med å få nettverket til å verta ein tung interesseorganisasjon.