TVØ er best på nettet, faktisk i heile regionen. Det viser ei undersøking. Nettet er viktig som kommunikasjonskanal og for eit politisk parti er det viktig å få ut informasjon til deg som veljar. No kan ein vera så god ein berre vil på nettet. For deg som veljar er innhaldet i politikken viktig, kven er menneska du skal stemma inn i kommunestyret og ikkje minst evnen til å gjennomføra det ein seier. Det er mange som har tiltru til oss i TVØ. Det takkar me så mykje for. I alle fall, du finn både meg og TVØ-gruppa på nettet framover.