lørdag 1. oktober 2011

Eldredagen 1. oktober

1. oktober er ein dag ein rettar merksemda mot dei eldre, deira levekår, livskvalitet og utfordringer over heile verda. Eldredagen skal bidra til å minna samfunnet om den ressurs dei eldre utgjer, med all den kunnskap og erfaringer dei har, og at dei ressursane er viktig for samfunnet.

Me har det godt i Noreg, det har dei eldre også. Det er sjølvsagt ein del som kunne vore betre og enkelthendingar me skulle vore foruten, med omsyn til pleie og omsorg. Eg har sett eldre menneske andre stadar i verda, som ikkje har noko, -lite mat og knapt husly eller nokon til å sjå etter seg. La oss ha det med oss.

Øygarden markerer eldredagen med ein kulturkveld for dei over 65, 13. oktober.