torsdag 8. september 2011

VestNytt og politisk sirkus i Øygarden

Å kalla politikarar i Øygarden for sirkusartistar, dette er mi meining:
- I ein artikkel i VestNytt i dag omtalar journalisten politikarane i Øygarden som sirkusartistar. Det kan godt vera at nokon oppfattar det slik men eg som ordførar i Øygarden synes at dette rett og slett er nedverdigane for dei som set i kommunestyret og arbeider frivillig for å gjera eit politisk arbeid. Eg må spørja, kva er meininga med slike ytringar av ein journalist?

Honnør frå meg til alle medpolitikarar frå alle parti, i kommunestyret i Øygarden.