Det var litt spesielt å sitja seg ved langsida av formannskapsbordet og ikkje for enden. I dag var det Otto som leia møtet. Sakene var ikkje av typen som fører til stor usemje rundt bordet. Men, eg fekk ikkje gjennomslag for ei ekstra økonomisk løyving til Rong Brass. Slik er det å vera i mindretal. Synd, fordi tida var moden for eit ekstra tilskot. Dei må søkja på vanleg måte, som alle andre, i same køen for ordinære løyvingar/tilskot.
I midten av november har formannskapet budsjettmøte. Regjeringa strammar inn på overføringa til kommunane. Øygarden er i så måte priviligert med gode inntekter frå eigedomsskatt.