mandag 31. oktober 2011

Kvar vart sakene av?

Bak oss ligg eit kommune- og fylkestingsval. Før valet hadde media eit voldsomt trykk på saker og ikkje minst enkeltsaker (spesielt innanfor pleie-og omsorg) som skulle underbyggja debattane i valkampen og visa alt som er gale. Partia/gruppene spissa sine saker. No er det stilt. Ingen spør etter sakene eller menneska som skulle hjelpast. Media har slutta å spørja og grava. No er det lavkarbo som pregar førstesidene. Det fortel vel noko om at me har det etter måten godt i dette landet. Likevel, kvart vart dei politiske sakene av?