Det er ikkje lett å vera politikar. Ein skal tekkast alle. Det fører til handlingslammelse nokre gonger. Dette veit eg ein del om. Handlingslammelse er ikkje bra, spesielt ikkje når ein forvaltar store oppgåver og mange pengar. I VestNytt kan me lesa om budsjettet (for Øygarden) som fleirtalet har lagt fram. Strukturelle endringar vert omtalt. Eg vart tillagt at dette gjeld den nye skulen på Tjeldstø. La meg presisera: det er meir enn berre ein skule me snakkar om då. Heilt andre grunnleggande endringar må skje slik at me sikrar tenester, arbeidsplassar og inntekter.Posisjonen og spesielt Høgre har vore på "hugget" når det gjeld å ta grep, ref. valkampen. Det ser me lite att av i budsjettframlegget. Dersom kutt i konsulenttenester er det store grepet, eller å auka gebyra for å skaffa meir pengar så vert ikkje kommunen sin økonomi berekraftig framover. TVØ vart skulda for store låneopptak. Arbeiderpartiet og Høgre gjer akkurat det same. Når ein skal ta alle omsyn vert det ein slags handlingslammelse. Ofte ber budsjetta våre preg av det.
Kva eg ligg i strukturelle endringar kjem eg attende til seinare.