Formannskapet har hatt sitt budsjettmøte. Øygarden er enno i ei særstilling med gode inntekter. Likevel er det ikkje enkelt å budsjettera. Det er eit mål å ha ca. 30 mill. att når drifta er betalt. For neste år var utgangspunktet rundt 9 mill. i overskot før kutt og nye tiltak. Det nye politiske leiarskapet finn rom for ei rekkje tiltak. I budsjettet har ein dekka inn auka driftsoverskot med kostnadskutt. Utfordringa med desse kutta er at dei kan verta vanskelege å gjennomføra, eller at dei først får effekt langt ut på nyåret. Det er små tal og stor spreiing. Skal økonomien verta berekraftig over tid må det til nokre grunnleggjande strukturelle endringar. Det er det ikkje politisk vilje til i denne kommunestyreperioden. Det er synd. Strukturelle endringar kan vera å definera kvalitetsstandardar, kompetanseheving eller skulestruktur.
Gebyrauke og lettare kutt gir kortsiktig gevinst.