Arbeiderpartiet og Høgre har i budsjettet fremja forslag om at "ulovlege" byggetiltak skal kunna søkjast om og handsamast etter retningsliner utarbeidd av Planutvalet i kommunen. Dette forslaget rører med mange prinsipp og kan vanskeleg følgjast opp. Forslaget verkar tilforlateleg men må vera vanskeleg å svelja for dei som har søkt på vanleg måte, fått nei og har retta seg etter det. No vert alt snudd på hovudet. Dei som ikkje har søkt skal spesialhandsamast. Slik kan det ikkje vera. Kommunen er heller ikkje aleina om å handsama søknadar, som regel er det dispensasjonar som skal vidare til fylkesmannen. Å tru at kommunen sjølv avgjer alle desse saken er heilt feil. Så er og spørsmålet korleis skal ein følgja opp nye saker av same karakter, seinare? Å fremja eit slikt forslag vert å skapa forventningar som ikkje kan innfriast for alle.
Me er alle samde om at det skulle vore større lokal styringsrett, men det er det berre regjering og Storting som kan retta på. Me skulle og ha rydda opp i restansen av registrerte saker som er omtalt ovanfor. Det er synd at det ikkje gjort, noko som i hovudsak skuldast kapasiteten.
Så til slutt: Det er alt mogeleg i dag å søkja på vanleg måte dersom ein har utført tiltak utan å ha meldt frå til kommunen når ein skulle. Ein slik søknad vert handsama på heilt vanleg måte iht. lov og forskrift (enten vert det nei eller ja).