tirsdag 8. november 2011

Samfunnsplanlegging og politiske visjonar

I går hadde eg eit innlegg på ein større plankonferanse i Bergen. Mitt innlegg skulle handla om samfunnsplanlegging i praksis. Samfunnsplanlegging er ikkje enkelt. Det er mykje ein kan rå med og styra, men så er det mykje som på det næraste styrar seg sjølv og som politakarane ikkje rår over.

Kommunen sine oppgåver og tiltak kan planleggjast og styrast. Det er difor viktig at politikarane har visjonar for framtida. Politikarane skal staka ut kursen. Utfordringa er at offentlege prosessar slik som t.d. arbeidet med ein kommuneplan tek altfor lang tid. Når planen endeleg er godkjent kan mykje ha endra seg og ein må starta å revidera planen. Det er ei utfordring for menneska planen berører som t.d. areal, utbygging m.m.

I alle fall: det er eit politisk ansvar å staka ut kursen for samfunnsutviklinga.