Gruppa mi, TVØ, ei lokal politisk gruppe starta i 1995 har opp gjennom tidene fått mykje pes for at det er ei bygdeliste. Slike lister er forstyrrande på det etablerte systemet. Kven har bestemt at dagens parti har einerett på å driva politikk? I eit demokrati har alle demokratiske politiske grupper den same retten, eller?
"Alle" har ei meining om TVØ, vår eksistens, vårt arbeid og måten me er organisert på. Det er bra. Det betyr at me utfordrar både etablerte system og utviklinga av kommunen. Det som me er opne om er kvar me hentar våre kandidatar frå. Denne gongen har me representantar inne i kommunestyret frå alle krinsane me har hatt listekandidat frå, ikkje minst dei to store krinsane: Toftøy og Rong som er tungt representert i vår gruppe. Det nye fleirtalet som skal styra har berre ein representant i kommunestyret frå kvar av desse store krinsane. Det største posisjonspartiet, Arbeiderpartiet har ingen frå Toftøy og Rong. Muligens var det noko å skriva om, eller?