Mange har hevda at utdanningsnivået i Øygarden er lågt. Nokon har klart å gjort dette til ei sanning. Kommunestyret bestemte at ein skulle sjå nærare på levekåra i Øygarden. Det er no gjort. Det står ganske bra til i Øygarden og ungdomane som flyttar ut har i hovudsak ei god oppleving av kommunen og gir den eit godt omdøme. Så, det som er viktig: ungdommane frå Øygarden tek høgare utdanning, faktisk ganske mange. Dei flyttar berre ikkje tilbake til kommunen. Det har mange årsaker. I hovudsak står det ganske bra til i Øygarden når det gjeld levekår. Det bør me vera stolte av og gravleggja nokre myter, men ikkje slå oss til ro: alt kan sikkert bli litt betre. Det er og viktig å slå fast at praktiske fag er like viktige som teoretiske fag. Me treng folk til alle yrke.
Det er eit politisk ansvar å jobba for å utvikla det gode Øygardssamfunnet. Når så ungdomane flyttar ut for utdanning og arbeid skal dei ha hatt ei god oppleving av tida i Øygarden. Det kan føra til at dei kjem attende til oss, med sin kompetanse og skaparevne.