torsdag 1. desember 2011
Uver, vindmøller og bølgekraftverk
Naturkreftene er ikkje å spøkast med, ikkje ein gong i Hjeltefjorden. Det er viktig å dimensjonera rett. For ein del år attende forsvann eit bølgekraftverk ut i havet. Det stod på Toftestallen, ut mot havet. Ein del mannfolk lokalt meinte at når uveret kom vart ikkje kraftverket ståande. Dei fekk rett. Turbinen forsvann ut i havet i ein storm. Festeanordningane var ikkje godt nok dimensjonert. No forsvann Sway si testmølle til botnen, i Hjeltefjorden i eit uver. Eg møtte Michal Forland frå Sway her om dagen, på veg ut i Naturgassparken. Testturbinen kan nok bergast, meinte han. Det er bra for prosjektet som handlar om ny teknologi for havvindmøller. Eg håpar det går bra for Sway, sjølv om naturkreftene nokre gonger tek overhand.