tirsdag 1. mai 2012

Alex er død - Øygarden i sorg

Alexander Dale Oen er død, 26 år. Då meldinga kom til meg i dag føremiddag fekk eg sjokk. Eg er van med å handtera vanskelege situasjonar men i dag vart eg matt. Tankane gjekk først til Alex næraste, så til gutten som vart kjent nasjonalt og internasjonalt som ein stor idrettsmann; - Alex er død, ein ung gutt med livet framfor seg. Alt i meg nekta for at det var sant.

I dag har medietrykket vore like stort som då han tok medaljar og eg som ordførar kunne vera med å bera han på gullstol. I dag er alt motsatt, i dag er det vantru og sorg: Alexander er død, denne flotte gutten frå Øygarden, ein flott idrettsmann og ein flott ambassadør for Øygarden.

No går alle våre tankar til Alex sin næraste familie. Det er dei som må bera tapet og sorga med størst tyngde.