Det er agurktid og då kan me skriva om noko som sikkert er uvesentleg. I alle fall så har me hatt eit måsereir ikkje langt frå huset. No er ungane på veg til nesten å flyga sjølv. Dei heldt seg rundt huset og måsemor og måsefar passar på dei. Dei er rett og slett farlege. Går me ut vert me angrepen av sinte måseforeldre. Dei vrælar og flaksar. Dei kjem rett mot oss og nokre gonger kjem det ein dæsj...... Håpar desse måseungane lærer seg å flyga snart, så me kjem oss ut....