Det er noko med Juli, - litt vanskeleg å setja ord på det. Enno sommar, men det vert tidlegare mørkt naturleg nok. Litt rått om kveldane og ved dårleg vêr får ein følelse av at hausten nærmar seg. Det er noko med det der når me har passert midtsommar. Då eg vaks opp var det slått i juli. Heile sommaren gjekk nesten med til det. Kjenner enno lukta av tørrhøyet som vart køyrt inn i løa. På regnvêrsdagar stod me i lødøra og venta på at det skulle letta. Mykje arbeid og lite att når året var omme. Det var ei anna tid. Det var då og no er no. Det viktigaste er å nyta kvar dag ein får, enten det er i juli eller det er vinter.