mandag 23. juli 2012

Når politikk skal omsetjast i praksis

På NRK.no  http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.8251568  kan me lesa om Bærum Høyre som ikkje utan vidare vil byggja bustadar i landbruksområde. Dette strir mot det Høyre sentralt meiner. Det er ikkje alltid like lett å omsetja politisk farge i praksis, spesielt når ein kjem tett på realitetane lokalt. I mange saker er det meir krevjande å vera lokalpolitikar enn å sitja sentralt å tenkja stort og prinsipielt.

No er det slik at me treng fleire bustadar (bustadpolitikken skulle forresten vore styrt betre sentralt, spesielt når det gjeld tilgong på bustadar for unge). Det krev god planlegging og gjerne på tvers av kommunegrensene i område med stort press på bustadareal og konflikt mellom natur, landbruk og utbygging. I Rogaland har Høgre arbeida for ei koordinert planlegging men der møter ein motbør frå sentrale styresmakter når det gjeld å gjera val for kva ein skal behalda og ikkje behalda av matjord. Det er sanneleg ikkje enkelt, - å planleggja heller.