Dei siste dagane kan me lesa i avisa om eit gamalt tema: kommunesamanslåing og eit ynskje om at kommunane Fjell, Sund og Øygarden skal verta ein kommune. Om eit år er det stortingsval og etter valet vil nok debatten sentralt dukka opp med større tyngde enn det me har sett til no.
Debatten må ein vera villig til å ta, men det må vera slik at ei kommunesamanslåing må vera til fordel for dei dette gjeld. Så vil det vera slik at sjølv om politikarar sentralt ynskjer samanslåiing vil nok meiningane lokalt påverka det som vert bestemt sentralt. Det merkelege er at få kommunar til dags dato har slått seg saman, enten det no har vore raud eller blå leiing.
Me veit at det skjer ei sentralisering i mange samanhenger og krav om kompetanse og økonomi fører til større einingar med større kapasitet og fagleg tyngde. Dette er eit press som ein ikkje kjem utanom og då vert det tvang til slutt, det er ingen veg utanom.
Men, ein fordel må det altså vera med å slå seg saman og då må ein finna fordelane.