torsdag 8. november 2012

Krevjande budsjettarbeid for 2013

Rådmannen i Øygarden har lagt fram sitt framlegg til budsjett for 2013. Det utfordrar oss politikarar til å gjera krevjande val. Utgiftene aukar og inntektene aukar ikkje tilsvarande. Det betyr at handlingsrommet vert mindre, økonomisk og politisk. Det er lite pengar att til å investera for. Det betyr auka lånegjeld om politiske lovnadar skal oppfyllast. Me står framfor vanskelege prioriteringar, sjølv med gode skatteinntekter lokalt og ein rik stat.

Det er vårt ansvar å gjera val og prioritera, første runde vert når formannskapet i Øygarden møtest til budsjettmøte i neste veke. Me i TVØ arbeider med våre prioriteringar og vil som før, ha vårt eige busjettforslag.