Eg finn dette i statsbudsjettet om tiltak i region Vest: "For 2013 er det lagt til grunn forskudd fra Hordaland fylkeskommune til å videreføre byggingen av kollektivfelt mellom Breiviksskiftet og Drotningsvik i Bergen".
Så les eg dette i Fylkeskommunen sitt budsjett:
Rv 555 Kollektivfelt Drotningsvik, forskot frå fylkeskommunen
I statsbudsjettet for 2012 vart den fylkeskommunale søknaden om forskottering av inntil 100 mill. kr av bygging av dobbelsidig kollektivfelt mellom Breivikskiftet og Drotningsvik godkjent. Arbeidet startar hausten 2012. Førebels kostnadsoverslag er på ca. 80 mill. kr, og det er løyvd 20 mill. kr i 2012. I budsjettet for 2013 vert det ført opp 40 mill. kr og ei restløyving i 2014 på 20 mill. kr. Så les eg i budsjettet frå Fylkeskommunen (og delvis frå regjeringa) om Vossapakken, Bømlopakken, Haugalandspakken, Kvammapakken, Askøypakken m.m. Alle får, litt eller mykje.
Medan me ventar på ein eller anna pakke hopar trafikken seg opp i Sotra/Øygarden regionen.