TVØ har bedt om ei avklaring på faktiske kostnadar på nokre investeringar etter at det brått vart kjent at gravplassen i Hjelme ikkje ville kosta 6 mill. kr. men 11 mill. kr.
No kjem det fram informasjon frå administrasjonen om at den nye skulen på Tjeldstø vil kosta 103 mill. kr. inkl. mva. I tillegg kjem VA-anlegga på Tjeldstø til ein kostnad på 21 mill. kr. Totalt anslag er då på 124 mill. kr. I fleirtalsframlegget frå AP, Høgre og KrF opererer ein med 98 mill. kr. Kva er rett og kven har rett? Det er altså eit avvik på 26 mill. kr. som treng ei oppklaring.