tirsdag 25. juni 2013

Drikkevatn og planlegging - Øygarden

Fleirtalsvedtaket i høve hovudplan for vatn gav rådmannen ingen fullmakter til planlegging. Om så var, kvifor slutta ein seg då ikkje til TVØ sitt forslag? Det forslaget stadfesta planlegging og prioritering. Debatten i kommunestyret prioriterte ingen anlegg. At rådmannen har drive slik planlegging var lite interessant for kommunestyret. Fleirtalet viste ingen interesse for å få desse planane fort fram.
Fleirtalet ville ikkje gjera prioriteringar før hovudplanen hadde vore til høyring. Korleis kan då rådmannen planleggja?