tirsdag 18. juni 2013

Sårbar drikkevassforsyning i søre Øygarden

Drikkevassforsyninga i søre Øygarden er for tida svært sårbar. Etter at Stegeviksvatnet på Toftøy vart belemra med alger er det Blomvåg vassverk (Steinsvatnet) som no forsyner heile søre Øygarden, inklusive industrien. Det er lagt overføringsledning mellom Rong og Toftøy. Dette skulle sikra at ein kunne tranportere vatn i begge retningar dersom eit av anlegga fall ut, men når no Toftøy vassverk kontinuerlig er ute av drift vert situasjonen ille om Blomvåg og skulle få driftstans.

Ein driftstans ved Blomvåg vassverk vil etter kort tid føra til at heile søre Øygarden vert utan vatn. Høgdebassenget på Toftøy kan forsyna delar av området ei viss tid.
Vert det ein tørr vinter vert situasjonen kritisk vanskeleg neste vår og sommar. Då vil Steinsvatnet i Blomvåg ha eit kapasitetsproblem.

Utan vatn i røra vert brannberedskapen vesentleg svekka, i tillegg til at folk vert utan vatn.

TVØ prioriterte oppgradering av anlegga på Toftøy og i Blomvåg  i 2013 og i 2014 med tilsaman 62 mill. kr. Dette forslaget avviste fleirtalet i kommunestyret.

Nytt vassverk i Blomvåg med høgdebasseng og høgdebasseng på Rong er no TVØ sine prioriteringar. Arbeidet med dette må starta så snart som mogeleg. Kostnaden med anlegga er rekna til 45 mill. kr.

På onsdag handsamar kommunestyret hovudplan for vassforsyning og avløp. Dette står m.a. i saka til kommunestyret:
"Kommunen er no i den fasen der ein må vurdere om det er forsvarleg å tillate fleire nye
abonnentar å knyte seg til vassforsyninga på Toftøy, Rongøy, Blomøy og Oøy. Produksjonen
er i dag på 50 % over kjeldekapasitet ved Blomvåg vassverk. I tillegg er kapasiteten på
reinsinga av vatnet så nær opp mot det maksimale at 5 % forverring av kvaliteten på råvatnet
kan føre til driftsstans. Forverring kan mellom anna skje ved sterk nedbør over tid"