onsdag 17. juli 2013

Sommar og app-ar

Dagane vert litt kortare, utelampane slår seg på tidlegare om kvelden og ute regnar det. Inne står varmovnen på. Disen er så tjukk at cruiseskipa i Hjeltefjorden kan ein berre sjå på ein APP på mobiltelefonen. Du kan få ein app for det meste. Vér-appen er det ikkje mykje hjelp i, den viser sol og 23 gr heile tida. Trykkjer du på den vert du skuffa. Du kan derimot  følgja skipstrafikken og flytrafikken via app, i fall dagane vert lange og du kjedar deg. Faren er misunnelse når ein ser fly tek av mot syden, i alle fall om ein ynskjer litt sol på kroppen. Medan du ventar på sydenturen kan du øva deg i språk, ved hjelp av ein app.

Det er ein gode med alt regnet: graset veks, plenen ser grøn ut og slåtten ventar om det tørkar litt opp....utan app.