mandag 16. september 2013

Gratulerer til MOT-folka

Øygarden har fått ein MOT-pris for godt arbeid med MOT. Det er flott. Øygarden kommune har vore ein MOT-kommune i mange år, sidan 2001. Er du innom kommunen si nettside ser du at MOT står sentralt også der.

MOT-arbeidet gjer seg ikkje sjølv. Utan ildsjeler som Arne Gunnar og Øyvind Solsvik hadde det sikkert ikkje blitt noko pris. Men, når me skal gratulera må me ikkje gløyma kommunalsjef Åse Vik som innad i kommunen sin administrasjon heile tida har halde fokus på MOT-arbeidet og for ikkje å gløyma folkehelsearbeidet som og er eit viktig førebyggande og positivt retningsgjevande arbeid, slik MOT er.

MOT i Øygarden