Kvar vart det av den handlekraftige politikken? Muligens er den der fortsatt, men me ser meir og meir av det eg kallar byråkratisert politikk. Det betyr at me har ordna oss slik i dette samfunnet at (me) politikarane som skal utvikla samfunnet og tora å ta strategiske val uavhengig av byråkratiske utrekningar, vert styrt av sine egne vedtekne forordningar som til tider er hemmande for å landa ei sak og eit vedtak, eller på godt norsk: "skjæra gjennom".
Det vert spennande å sjå om nye politikarar i regjeringskvartalet maktar å hamla opp med systemet rundt seg. Det krev stor tyngde og handlekraft.