torsdag 20. februar 2014

VestNytt og Øygarden, investeringar m.m.

Leiaren i VestNytt i dag kjem ikkje uventa. Slik har det vore frå midten av 90-talet. VestNytt ser ut til å ha kome inn eit spor som er vanskeleg å koma ut av.  Det synes som om det ikkje har gått opp for redaksjonen etter alle desse åra.

VestNytt bør studera investeringsbudsjettet for perioden 2014 til 2017 som eit knapt fleirtal i kommunestyret har gått inn for, og sjå det i lys for behov for pengar, så akutt. Dersom ein verkeleg meiner at beltereima no vert stramma så kan det umogeleg stemma med bruken av dei sparte pengane. Dersom det er eigedomsskatten som forsvinn så må investeringane venta. Det er noko som ikkje stemmer med grunngjevinga og forklaringa. Ein kan ikkje både spara og bruka pengane slik at driftskostnadane aukar. Ikkje ei einaste krone av dei sparte midlane vert sett på fond, slik dei som no styrer har mast om i alle år. Rådmannen hadde i sitt budsjettforslag sett av litt til fond. Det vart kutta.

Skal ein møta framtida med ein berekraftig økonomi, må det gjerast noko med struktur, kvalitet, standard og vilje til samlokalisering av tiltak. Den debatten har ikkje kommunestyre teke. No kjem kutta flatt utover, utan mål og meining. Bak fleire av kutta må rådmannen skriva: må utgreiast, må utgreiast, må utgreiast. Denne utgreiinga skulle vore på plass før kutta. Neste år kjem det nye kutt.

Dette er investeringane, som muligens VestNytt har gløymd då leiaren vart skriven..
2014:      71       mill kr
2015:    108       mill kr
2016;      93       mill kr
2017       69       mill kr
Sum      341      mill kr (fleirtalet 11.12.2013 med AP, Høyre, Uavhengig, og 1 FrP)

For å finansiera dette skal det m.a. lånast 134 mill kr.  Avdrag og renter skal betalast av drifta. Alt for 2014 må det lånast meir pengar, fordi ein ryggar og ryggar i forhold til opprinnelege kutt.

46 % av finansieringa av investeringane skal finansierast over drifta. Det utgjer 156 mill kr.

Det er altså slik at når ein lånar mykje pengar så må ein kutta tilsvarande for å få betalt renter og avdrag, i tillegg til andre kutt.

Det vert kutta i tenester og det er nesten uverkeleg at ein i eit jubileumsår der ein burde styrka lokalt frivillig kulturarbeid, kuttar 50 % i allmenne kulturtiltak og 30 % på driftstilskot.
 
No ryggar fleirtalet i forhold til kutta. Dei kan umogeleg ha forstått konsekvensen av vedtaket i desember og den politiske leiinga framstiller det på det næraste no som dei ikkje har eigarskap til det dei sette i gong.