tirsdag 19. oktober 2010

Besøk frå Aukra kommune

Dagen starta med ei merkeleg samanblanding av rollar hos VestNytt når det gjeld ordføraren si haldning til Vinmonopol. Merkelege greier. Dei kan ikkje ha tenkt klart...

Over 30 representantar frå Aukra kommune har besøkt Øygarden i dag. Hyggeleg å vera vert for hyggelege gjestar. Dei ville læra av Øygarden som har lang erfaring med ilandføring av olje og gass. Inntekter, utgifter, næringsutvikling og tenesteproduksjon var tema i heildagssamlinga. Aukra og Øygarden har felles utfordringar og muligheter i forhold til store inntekter frå eigedomsskatt. Så bar det til Bergen og styremøte i Kystsogevekene.  Nesten 18 000 besøkande til ulike arrangement i kommunane som er medlem i stiftinga Kystsogevekene.