tirsdag 19. oktober 2010

Konferanse og samferdsleministeren på besøk

Dagen starta på kontoret kl. 7. Førebudde eit foredrag til fylkesmøte og haustkonferanse i regi av KS, i Bergen. Neste stopp Hotell Terminus og konferanse. Men, på grunn av samferdsleministeren som fredag kveld meldte sin ankomst måndag vart det berre ein halv konferanse for meg. Neste stopp Fjell rådhus og møte om nytt Sotrasamband med samferdsleministeren. Tidlegera historiar om trafikkmengde og korkar fortalt ein gong til. Håpar at planlegginga no resulterer i eit sluttprodukt. Det går i alle fall nesten 10 år før eit nytt samband står ferdig. Då må alt gå på skinner frå no av. Det er eg tvilande til.