lørdag 13. november 2010

Menneska, pengane og realitetane

I neste veke skal eg leia formannskapet sitt budsjettarbeid. Pengar er viktig i offentleg sektor. Politikarane har to viktige verktøy for å realisera politiske vedtak og prioriteringar: våre tilsette og pengar. Utan flinke medarbeidarar i kommunen skjer det ikkje mykje. Det skjer heller ikkje mykje utan pengar. Rammene vert strammare og det vert ikkje fleire folk og heller ikkje så mange fleire pengar. Det er utfordringa når formannskapet skal ha sitt budsjettmøte. Men, eg set mi lit til røynde politikarar, rådmannen og hans næraste medarbeidarar, alle flinke folk. Utan ansvar kan ein leika seg med tal, det kan ikkje me som skal levera realitetar.