Ei av dei mest omtalte sakene i Øygarden kommune vart handsama i kommunestyret på onsdag i denne veka. Kommunestyret bestemte at saka om Familiens Hus skulle gå for opne dører slik at debatten og innhaldet i saka kunne verta meir kjent for folk flest.
I utgangspunktet var saka ikkje offentleg og dette var meddelt Radio Sotra som i så fall ikkje kunne senda debatten. Men, alle veit at det er kommunestyret sjølv som endeleg avgjer om ei sak skal gå for opne eller lukka dører. Radio Sotra kom ikkje før etter saka om Familiens Hus var handsama. Det har ført til at debatten om Familiens Hus ikkje er tilgjengeleg for folk flest, slik alle kommunestyremøter dei siste åra er.
Det er synd og ein må lura på kvifor det enda slik. Det er uheldig at VestNytt aleina refererer denne saka.