Kystmuseet i Øygarden vart offisielt opna 15. juni 1996. Museet i Ovågen er no 15 år. Nærare 100 000 menneske har besøkt museet. Siste året var det 8300 gjestar, noko som er rekord i høve tidlegare år. Eg gratulerer med jubileet. Kystmuseet som også er kommunen sin tusenårstad er viktig for kommunen, m.a. i reiselivssamanheng. I 2010 vart kafeen utvida og museet er ein integrert del av Øygarden visningssenter. Gjennom eit godt samarbeid mellom museet, kommunen og private interesser har ein fått til utviding og fornying av tilbod og fasilitetar ved museet. Statoil og Visjon Vest (Sparebanken Vest) har vore viktige samarbeidspartnarar. Blom Fiskeoppdrett er ein viktig samarbeidspartnar når det gjeld Visningssenteret: http://salmoncenter.no/
Det er planar for vidare utbygging av m.a. gjestehavn og ikkje minst opparbeida ei ny utstilling ved museet.