I BA i dag kan me lesa om nye kraftliner til Øygarden og nytt Sotrasamband. Bypolitkarane er overraska over at dette heng saman med kvarandre. Dei burde for lenge sidan ha fått med seg at det går kraftliner over Vatlestraumen til Kollsnes prosessanlegg og at desse linene er i brutraseen. Det er ikkje gjort i ei handevending å leggja om desse linene til sjøkabel.
Prosessanlegget på Kollsnes kan mest sannsynleg ikkje koblast ut før nye kraftliner mellom Mongstad og Øygarden er på plass. Eg har påpeika dette fleire gonger og tok denne situasjonen opp med NVE i eit møte i Oslo sist veka. Dei hadde full forståing for utfordringane og tida som går. Konsesjonsvedtaket for nye kraftliner kjem tidlegast utpå nyåret.
Slik går det når ikkje overordna styresmakter tenkjer overordna planar for viktig infrastruktur. Eg har etterlyst det fleire gonger. Døme er gassrør og kraftiner mellom Øygarden og Mongstad. Ingen sentralt forstod problemet.