onsdag 15. desember 2010

Bussruter ut på anbod

Skal i møte med Skyss AS på torsdag. Bussrutene i Region Vest skal no ut på anbod. Kva dette kjem til å bety for det framtidige busstilbodet i våre kommunar veit me lite om. Me får sikker betre innsikt i dette etter møtet med Skyss. Du kan lesa meir om Skyss her:  http://www.skyss.no/

Det har skjedd store endringar når det gjeld drift av kollektivtilbodet i vår kommune. Frå Øygarden og Sotra Rutelag, til Vest Trafikk, så HSD og no Tide. Alle desse selskap har drive etter eit regime med konsesjonar og offentlege tilskot.

Kven som vert leverandør av busstilbodet utpå nyåret, etter anbodsrundane veit me sjølvsagt ikkje.