onsdag 29. desember 2010

Fornybar energi og energimarked

"Har forspilt Norges sjanser" seier Jørgen Kildal, konserndirektør i den tyske energigiganten E.on med sine 80 000 tilsette. Kildal har tidlegare arbeidd i Statkraft. Ilfg. Kildal til Dagens Næringsliv er Norge no på etterskot når det gjeld energimarked og fornybar energi. Iflg. Kildal hadde Norge eit forsprang på Europa gjennom vannkraft og tankane om å utnytta dei store vindressursane. Det er ikkje tilfelle lenger.

Ref. Dagens Næringsliv 29.12. side 14 og 15.

Utsegnene kjem frå ein med innsikt i situasjonen. Kildal har lang erfaring i bransjen. Sjølv om bildet kan vera nyansert så gir denne typene vurderingar grunn til bekymring for lokal og regional satsing på aktivitet relatert til fornybar energi som t.d. vindmøller til havs.