Tusen takk
Det er på tide å stoppa litt opp og sjå meg tilbake på året som snart er omme. Først, me er priviligerte me som bur i Øygarden. Gode rammer for kommunal drift, eit stort arbeidsmarked, nærleik til byen og ein vakker natur. Me har menneske som engarsjerer seg på fritida og driv fritidsaktivitetar for born, ungdom og vaksne. Menneske engasjerar seg på fritida for at kommunen skal vera ein god stad å bu. Eg fekk overrekkja Kongens fortenestemedalje til ei flott kvinne for slikt arbeid. MOT skal ut i lokalsamfunnet. Flott å oppleva engasjementet for MOT på ungdomsskulen Tusen takk til dykk alle, enten du er tilsett i kommunen eller er frivillig.
Samarbeid
Dette året skaka politisk samarbeid i samanføyningane. Det har mange årsaker. Eg brukar ikkje mykje tid på det. Media framstillar det som ein storm, men kjære vene, me må kunna diskutera politikk og av og til må det vera litt varmgong i diskusjonane. Det skulle berre mangla at ein ikkje kan diskutera usemje i det opne rom. Eg vil ikkje verta stilt i same bås som alle andre, ikkje vil eg vera tannlaus som politikar heller. Eg peikar på utfordringar og tek gjerne debatten i opent landskap. Det gjer eg og i året som kjem.
Debatt
Me har hatt ein skuledebatt, i den grad me kan kalla det debatt. Skyttargravene var nok beste staden å vera. Eg skulle ynskt at folk var opptekne av innhaldet i skulen og kva me serverer elevane våre. Den debatten kjem i skuggen av kommunal bygningsmasse.
Nærver og velferd
Tusen takk til våre tilsette som har levert eit lågt sjukefråvær dette året. Det er flott. Tusen takk til velferdsutvalet som steller i stand ulike aktivitetar for våre tilsette. Det var fortent med ein dobling av budsjettet til velferdsutvalet (no kr. 300.000,00).
Det er gjennomført eit omfattande arbeid under fana Kvalitetskommuneprogrammet. Dette er eit opplegg der ein gjennom eit samarbeid mellom politikk, administrasjon og tilsette skal fremja kvalitet og trivsel på arbeidsplassen.
Saker
Det er ein haug med politiske saker. Eg kan ikkje nemna alt her. De finn sakene på kommunen si heimeside. Mykje av året har gått med til planlegging. Kommuneplan, kommunedelplan for Rong, kloakkering på Torsvik, skule på Tjeldstø, fleirbrukshall, bustadar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. Vatn og Avløp skal inn i eit kommunalt føretak (selskap) har kommunestyret bestemt. Me har arbeid med omdømme og turisme og ser positive resultat av det. Dette året vart kafeen på Kystmuseet utvida og Øygarden visningssenter vart etablert. Me har formalisert det regionale samarbeidet med Askøy, Fjell og Sund. Eit fleirtal i kommunestyret har opna opp for vinmonopol i kommunen, dersom Vinmonopolet finn grunnlag for det.
Mange har etterlyst skilting av vegar i Øygarden. No er skilta på plass mange stadar og etterkvart skal alle vegar med namn vera skilta.
Utviklingsselskapet Gode Sirklar AS arbeider saman med bedrifter i Øygarden for å styrkja små og mellomstore verksemder. Dette året fekk me stadfesta det me har kjent til lenge, Stureterminalen manglar olje og Statoil må sjå på framtida for terminalen. Selskapet CCB Kollsnes AS vart etablert.Dei skal vera lokalisert i Naturgassparken. Dette selskapet skal utvikla base for vindmøller til havs. Sway AS arbeider med å byggja ein stor testturbin på Ljøsøyna.
Me driv for dyrt i Øygarden kommune iflg. rapportar me fekk dette året. Det vert ei utfordring å få gjort noko med.
Til slutt
Eg kan ikkje ta med alle saker og hendingar, då hadde eg brukt fleire sider. Kommunen kjem med ei årsmelding for 2010 utpå nyåret, der finn du meir utfyllande informasjon.
Eg takkar så mykje for året 2010.
Olav Martin Vik