Sjølv stemte eg saman med nokre andre representantar for å handsama saka ved rullering av Alkoholpolitisk handlingsplan hausten 2011. Me utgjorde eit mindretal. Gruppene i kommunestyret hadde ulik haldning internt, men eit fleirtal går inn for at kommunen opnar for at Vinmonopolet kan etablera seg i Øygarden.
Viktig, - det er Vinmonopolet sjølv som bestemmer etablering av utsal, ikkje kommunen. Det er tale om lange prosessar og mange kriterie som skal oppfyllast før ein vert vurdert. Ei eventuell avklaring vil mulingens ta år.