lørdag 11. desember 2010

Menneska som kjem og går

Eg er takksam for at eg får ein ny dag saman med familie, venner, kollegaer og menneske som me har rundt oss til ei kvar tid. Det er lite me kan gjera med dagen som ligg bak, men dagen i dag kan me bruka til noko godt.

Eit tiår ligg snart bak oss. Året 2010 er snart historie.I løpet av 10 år skjer det mykje. Ved inngongen til dette tiåret vart eg vald til ordførar. Eit privilegium. I vår familie har me mista ein ung nær slektning, våre barn har gifta seg og me har fått to barnebarn. Eg har mista to gode kollegaer dette året, det er nesten heilt uverkeleg. Kontrastane er store når me set oss ned ser attende og reflekterer over livet. 10 år og slekters gang. Menneske kjem inn i livet vårt og går ut av livet vårt. Menneske me har lært å kjenna og set pris på må flytta på seg og den jevne kontakten vert broten. Minnene, - minnene er viktige, dei gode minnene som me kan henta fram når me vil. Håpar at menneska rundt meg og deg har gode minner om oss.