mandag 27. desember 2010

Vintersolhverv

Det går mot lysare tider. Sola var på det lågaste 22.12. iflg. sikre kilder. Det går altså mot vår og sommar. Men først skal me gjennom eit par vintermånadar og vert det som det var i januar og februar i år, så vert vinteren lang.

Eigentleg er det godt med desse årstidene. Me lengtar etter varme og snakkar ofte om det:  "me skulle vore under varmare himmelstrøk", men jammen er det godt med variasjon og akkurat no så er det utruleg flott med desse vinterdagane. Eg håpar vinteren ikkje vert alfor tung, det vert slitsomt, ikkje minst for alle kommunalt tilsette som skal rundt  i heimane til eldre og pleietrengande.

Eg har teke nokre bilete frå eit vakkert vinterlandskap. Du ser nokre av dei i denne bloggen. Berre så det er sagt, eg er ingen profesjonell fotograf.