Set av tirsdag 15. mars
Invitasjon frå ordføraren
Den 15. mars inviterer me deg som er innbyggjar i Øygarden, til rådhuset. Alle dei flotte menneska som arbeider på huset vil laga til ein spennande dag for deg. Me vil senda deg invitasjon i postkassen, eit stykke ut i februar. Her er ein smakebit av det me planlegg:
Frå kl. 09.00 til kl. 20.00
- Møt ordførar, rådmann og tilsette innanfor ulike fagområde til samtale om aktuelle tema
- Miniseminar for næringslivet
- Miniseminar for foreldre
- Miniseminar for eldre
- Omvisning på huset for alle som ynskjer det
- Kulturelle innslag
- Enkel bevertning
- Utstilling
- Aktuell informasjon om prosjekt som skule på Tjeldstø og fleirbrukshall