![]() |
Hellesøy m/hengjo foto: Olav M. Vik |
Planutvalet i kommunen godkjente denne veka at den nye planen vert lagt ut til høyring.
Det har vore folkemøte, arbeid utført av konsulent og arbeid i Komitè for Teknikk knytt til revisjon av reguleringsplanen for Hellesøy hamn. Kva har me så hatt fokus på i dette arbeidet, jau m.a.:
- Arealdisponering for sjølve tettstaden Hellesøy
- Parkeringsplassar for hytteeigarar og folket på øyane i nord
- Tilgjenge til areal ved nothengjo, friareal
- Offentleg WC ved kafeen
- Oppgraderte kollektivknutepunkt (buss og båt), snuplass, miljøstasjon
- Rasteplass og tilgjenge til sjø
Den største utfordringa med nokre av desse planane er sjølve gjennomføringa. Det kostar ofte pengar og skal ein få noko gjort fysisk må det løyvast pengar til tiltaka som kommunen har ansvar. Det vert neste fase.
Du kan lesa meir om reguleringsplanforslaget på kommunen si heimeside under politikk. Her er lenka til sakskartet: https://www.oygarden.kommune.no/innsyn.aspx?response=mote&moteid=389&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=494&