I dag har me hatt møte med politiet og Statoil
Eg inviterte politiet og Statoil til møte.Temaet for møtet var beredskap og kriser. God kommunikasjon og samhandling i krisesituasjonar er svært viktig. I haust hadde me ei øving som avdekka nokre punkt som krevde ei avklaring. Du som innbyggjar skal føla deg trygg når det gjeld vår handtering av krisesituasjonar og ulykker. Det er viktig at rollar og ansvar er avklart for ei velfungerande krisehandtering. Dette vart diskutert idag.
Du skal vita at me set alt inn på førebygging, men me er og klar til å handtere krevjande situasjonar. Som vertskommune for store olje- og gassanlegg er me i ei særstilling. Desse anlegga har eit stort og kontinuerleg fokus på sitt HMS-arbeid. Samhandling mellom anlegga, politiet og kommunen er svært viktig, både når det gjeld øving og ved ei hending som krev aksjon. Møtet idag var avklarande og nyttig for partane. Me har heile tida fokus på forbetringspunkt, også når det gjeld nyttig og rett informasjon ut til innbyggjarane. Det siste kjem me attende til.