mandag 17. januar 2011

Møte med ein norgesmeister - på skøyter

I dag inviterte eg Kåre Kristoffersen (Øygarden) til lunsj saman med våre tilsette på rådhuset. Det  var eit hyggeleg møte med ein sprek Kåre (62). Han er eit godt døme på at det er mogeleg å halda seg i god form sjølv om ein kjem litt oppi åra. Kåre går på skøyter og vann NM for veteranar for nokre dagar sidan. Kåre går på tider som er omtrent lik dei "Kuppern" gjekk på i sine velmaktsdagar. Snart så fer Kåre til Calgary og nye løp. Gratulerer så mykje og lykke til:)