torsdag 27. januar 2011

Show og foreldremøte

Denne veka har ungdomsskulen i Øygarden hatt fokus på helse. Torsdag kveld var foreldra invitert til foreldremøte, eit møte som vart litt annleis. Show, korte foredrag om helse og førebyggande arbeid, basketballkamp m.m. var det som møtte foreldra. MOT står i sentrum, med sitt verdigrunnlag og som eit verktøy for å nå ut med ein helsefremjande bodskap. Du kan sjå glimt frå arrangementet på Vestlandsrevyen. Her er lenka: http://www.nrk.no/nett-tv/kategori/1872/

Flott arrangement, spør du meg:) Takk til MOT-mannskapet vårt.

Takk til Politiet som og var tilstades med mannskap.